Vakre Budapest

Kom på eg hadde lova å komme med tips om Budapest tidligare, og det skal eg sjølvsagt gjere. Er ikkje så himla mange tips eg kjem på i farta, men eg skal kome med nokre fine minner eg har frå turen og dele nokre av erfaringane eg gjorde der:

1. Hotel Budapest, hotellet vi budde på, var fint og billig. Det at vi dramastudentane nesten hadde vår eiga etasje gjorde at vi kjende oss riktig så husvarme etterkvart, og dei i resepsjonen var alltid svært hjelpsame til det aller meste. Hotellet er ei stor rund bygning som ligg nokså sentralt på Buda-sida av byen (Pest er den delen som ligg på andre sida av brua. Det er riktignok den delen kor sjølve "kjernesentrumet" ligg, men Buda er òg innhaldsrik og har truleg meir  å by på når det kjem til gamle bygningar, museum og slikt. Men så er taxi så billeg at det ikkje gjer noko å fare hit og dit kvar dag heller.) Vi hadde undervisning i 10min gåavstand derfra, så for oss passa hotellet perfekt igrunnen. Men om ein er kresen på både sentral beliggenhet og luksus kan ein sjå etter andre hotell, som da gjerne er ein del dyrare.

2. Båttur på Donau-elva: Budapest har utruleg mykje å by på når det kjem til flott arkitektur! Langs elva får ein sett mange vakre bygningar, monument og galante bruer. 2 glas champagne/vin får ein òg med på kjøpet, og eg syns å hugse turen kosta rundt hundrelappen, så ganske billigt og verdt det om ein vil sjå ein del i ro og mak. Ein få òg ei god anledning til å knipse nokre bilete undervegs. Her er nokre av dei bileta eg tok undervegs:

(Det siste biletet er teke av Rohan i klassa, her har eg kameraet klart)

3. Gå å sjå ei forestilling på det nasjonale danseteateret, Nemzeti! Høgda rundt der er så vakker, så gå gjerne ein tur i området eller et på ein av restaurantane i nærleiken etter forestillinga. Vi var og såg ei barneforestilling (av alle ting) som heitte "The shoemaker´s dream" og den var heilt fabelaktig!

4. Restauranten Dionysos er i ekte gresk stil, og bygd som ein liten gresk fjellandsby i kvite og blå miniatyrbygningar. Her åt vi siste kvelden og storkosa oss i ei trivelig atmosfære! God mat og heile pakka. Absolutt å anbefale. Ligg langs elva rett i nærleiken av Elizabeth bridge, enkel å finne og godt kjent. Lenkje: http://www.dionysos.hu/

5. Den italienske restauranten "Dolce", som ligg midt i handlegata på Pestsida, var fantastisk! Det måltidet vi åt der var definitivt det beste. Eg åt andefilet med rødvinsreduksjon, pære og båtpoteter, utruleg godt. Pluss på litt vin så er du i boks: (Eg ser temmelig pære ut sjøl her, men var ganske sleten etter ei runde shopping)

6. Vær nøye med kva slags taxi du tar, nokre lurer deg til å betale meir enn du eigentleg må. Syns å hugse at City Taxi var dei beste her, pålitelege, fine bilar og billege. Det er absolutt lurt å bli enig om pris før køyreturen.

7. Planet Sushi: Den vi gjekk på låg på Mammut-senteret på Buda-sida, her hadde dei kjempegod sushi. Eg vil personleg anbefale å bestille ein mojito attåt maten, nam!


(Haha, tok visst bilete av menyen men gløymde å ta bilete av maten når den kom..)

8. Om du skal ut på byen, sånn skikkelig "ut og danse og ta av"-style, så vil eg tru det meste av uteplassar som er aktuelle ligg på Pest-sida, sånn downtown nær West-End. Vi var på ein plass kalt "Mix", og den var skikkelig kul! Lilla lys og kvite loungar, sånn skikkelig storby-uteplass. Men ikkje rekn med å få bord med det fyrste, dei fleste er "VIP" eller reserverte:P Kjekt å danse her var det iallefall:)

9. Ta deg ein tur i ein av dei flotte parkane i den vakre byen. Ein super plass å få roen igjen og stresse ned:)

10. Shoppingen eg gjorde var ikkje den heilt store (men det var heller ikkje meininga sidan eg igrunnen har nok klede frå før i bagasjen og vi trass alt var på studietur), men her er det eg kjøpte meg:

Har vist det i eit tidlegare innlegg òg, der eg nevnte at det flaue her er at det meste eg kjøpte stamma frå H&M. Ikkje at eg ikkje fann fine plagg andre plassar, men ja...kva skal eg seie? Eg kjøper det eg liker og kjenner eg treng. Var innom ein annan butikk og handla òg, Bershka heitte den. Endte opp med å kjøpe litt her òg! Ellers lite shopping for min del, men skal du til Budapest for shoppingen sin del er West End anbefalt av mange + den handlegata vi var i, som ligg like ved brua på Pest sida, nær Elizabeth bridge.

11. For værgudanes skuld: Drikk MYKJE mojito!! Det er såpass billig med alkohol i utlandet at ein kan unne seg ein eller fleire drinkar til maten. Den beste mojitoen drakk eg på Dionysos! Namnam, du er på ferie og livet er til for å njutast sei no eg;9



11. I kjent slakk stil overlet eg resten av "guidinga" til to videoar eg fann på youtube, for dei særskilt interesserte. Atter ein gong: Budapest er ein fantastisk by som eg absolutt vil anbefale som reisemål. Eg har veldig lyst tilbake dit ein dag!

(Eg reiste i lag med dramaklassa mi, og ikkje aleine, sjølv om det kun er bilete av meg sjølv på dette innlegget. For av hensyn til at enkelte ikkje vil ha bilete av seg sjølve lagt ut på den vide verds-veven så lot eg vere å leggje ut bilete av dei andre. Sånn dykk veit.)

5 kommentarer

The Nam

07.mai.2011 kl.20:43

Ah! fine bilder.

- Lady Stardust -

08.mai.2011 kl.17:04

veldig fine!

fristande reisemål :)

Kathleen

09.mai.2011 kl.19:18

Lady Stardust & The Nam: Takk:) Ja, som sagt e Budapest en meget vakker by og absolutt å anbefale om doke vil ta doke en storbyferie en gang;)

Lilli

14.mai.2011 kl.15:33

Så kjempefint ut!

Chalten

15.mai.2011 kl.13:57

åå, det så fint ut. vil også reise dit.

Skriv en ny kommentar

hits