GLOBUS

 Vart så glad når eg fann denne flotte globusen på Kremmerhuset forleden! Eg elskar globus, og syns det er så kjekt at den -i tillegg til å pynte opp- òg er svært nyttig. Likar å snurre på den frå tid til anna og drøyme meg vekk til fjerne strøk... Får tydelegvis ikkje nok av globusar, for no har eg denne på stova, og ein (med lys i som eg fekk av Karina) på soverommet, og så har eg eigentleg ein heime på Sunnmøre som eg ikkje har anledning til å ta med ned hit. Når eg ein vakker dag får meg eit hus skal eg ha ein globus i så godt som alle rom, yeah;)

Verda er så STOR! Noreg er berre ein liten brøkdel.. På ein globus kjem dette ekstra godt fram sidan framstillinga av landa i forhold til kvarandre er mykje meir realistisk.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits