KUNSTNARSPIRE?

 

Ein av tinga eg ga til pappa i 50års-presang var dette sjølvlaga maleriet av ein solnedgang (typisk nok) mot Stadtlandet, slik vi ser den frå Åheim. Veit pappa er glad i det motivet! Desse bileta tok eg medan speilrefleksen var til service, så kvaliteten er så som så, men ein ser i det minste sånn ca korleis resultatet vart til slutt=) Eg må sei meg ganske fornøgd eg, dette er trass alt fyrste gongen eg prøvar meg på akrylmaling, og fyrste gongen eg malar på lerret. Det gav meirsmak, så fleire prosjekt vert det nok med tida! 

 

 

Tips til doke som vil prøve doke på liknande prosjekt:

♦ Om du har butikken "Søstrene Grene" i nærleiken så har dei mykje bra av både lerret og malings-utstyr, elles fins der alltids hobbybutikkar som sel slikt. Eg er så heldig å ha Søstrene Grene borti høgget eg da. 

♦ Gå på youtube og søk "how to paint..." så fyller du ut med det du måtte ønske å lære deg innen billedkunsten. Ein del av videoane er svært lærerike. Eg benytta meg iallfall av dette og fikk mykje igjen for det!

♦ Ha mykje kvitmaling tilgjengeleg, den var min beste venn! Brukte den mykje som grunning i starten og bidro til at overgangane mellom fargane i solnedgangen vart mykje mjukare og meir naturlege.

♦ Hald motivet enkelt fyrste gongane du maler. Å byrje på megastore og vanskelege prosjekt er sjeldan ein god deal når ein ikkje er ekspert, så gjer det enkelt og motiver deg sjølv til å lære meir etterkvart. Eg plar seie at "det enkle er ofte det beste!"

♦ Bruk eit bilete eller fleire som utgangspunkt, så har du noke å sjå etter. Eg kombinerte to bilete som eg fann på facebooken til to bekjente, og laga eit eige bilete ut i frå dei.

♦ Dette er prosjekt som er geniale å gje vekk i jule-, bursdags- eller andre høgtidelege gåver, der du viser at du verkeleg har tatt deg bryet med å lage noke sjølv. Det blir satt svært stor pris på, og er veldig personleg. Finn eit enkelt motiv som du veit betyr noke for noken, og bygg idéen ut i frå det. Mal gjerne på andre materialer enn lerret òg, som f.eks. treboksar, rammer, smykkeskrin eller lignande. Sånt finn man flust av på div. hobbybutikkar, som blant anna Søstrene Grene.

♦ Sist, men ikkje minst: Ha trua på deg sjølv, og lev deg inn i rolla som kunstnar. Tenn gjerne stearinlys, ha på godmusikk og kos deg mens du malar. Ikkje vær for opphengt i detaljar, perfeksjon er ikkje målet. Kunst er levande og uperfekt akkurat som vi menneske er det. Og uansett kor bra resultatet blir så har du i det minste lært mykje undervegs, og forhåpentligvis kost deg òg;) Eg koste meg i alle fall storlegt!

MASSE LYKKE TIL!

3 kommentarer

ENER Artwork

01.nov.2011 kl.23:10

pent bilde :)

Kathleen

02.nov.2011 kl.23:30

ENER Artwork: Tusen takk, kjekt å høyre sånt fra en kunstner;) Du hadde en veldig interessant og stilig kunstnerblogg!

Kathleen

02.nov.2011 kl.23:31

ENER Artwork: Tusen takk, kjekt å høyre sånt fra en kunstner;) Du hadde en veldig interessant og stilig kunstnerblogg!

Skriv en ny kommentar

hits