BLÅMANDAG



Ein litt sleten og gråblå mandag her i Bergen i dag, iallfall her heime hos meg. Kjenner eg er gåen etter helga, med tilsaman over 33 arbeidstimar, samt ein heftig konsert med UNITY (eit multikulturelt band eg spelar i) med påfølgande danseøkt fredagskvelden! Som om ikkje det var nok; heimeeksamen starta i dag og eg er ikkje akkurat i eksamensmodus. Eg er meir i "få-orden-rundt-meg-sjølv-så-kanskje-eg-kjenner-meg-betre"-modus, difor har eg brukt dagen på å støvsuge, vaske golv, tørke støv, skifte sengetøy, vaske klede og rydde, samt pleia meg sjølv med ein lang dusj og smøre meg inn med dei nye herlege hudpleieprodukta eg fekk av Lana:) + Den deilege blåbæransiktsmaska frå LUSH, som dykk ser ovanfor! Lovely. Den gjer huda supermjuk etterpå! Man ser riktignok ut som ein smurf undervegs, men det er berre morro. 

Kjenner at når eg er sliten og motlaus inni meg så hjelper det å få orden på ytre ting, så dette er noko eg personleg kan anbefale doke som slit med enten haustdepresjon, utbrenthet, lite motivasjon eller eksamensangst. Håper berre det funkar for meg denne gongen òg!  Trur eg skal ned i boda og leite opp julepynten seinare òg, før eg skal på musikkteateret og jobbe litt. Juleshow-førebuingar om dagen, travle tider for å få alt i havn! Greit å få skape litt god julestemning, no kan eg kanskje tillate meg sjølv det? Fyrste advent er passert og straks er vi komne til desember månad..tenk det!



Mandags-smurf!

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits