SKODDE OG TUNGSINN

Eg må innrømme at alt ikkje berre er fryd og gammen sjølv om eg enno har ferie. Eg gler meg igrunnen til å komme meg heim til Bergen for å jobbe, då kjenner eg meg kanskje litt nyttig. Her heime på Sunnmøre føler eg meg igrunn berre gammal, sleten, ubrukeleg, allergisk og gretten. Eg veit ikkje kvifor det er slik, men den kraftige allergien kan ha litt med saken å gjere; her er det jo gras (som eg er allergisk mot) O-V-E-R-A-L-T, og folk slår gras konstant. Itillegg ligg der så godt som kvar dag ei tjukk og trykkande skodde som eit plagsomt teppe over bygda. Som farmor seier så fint: "den forbaska skodda går på helsa laus!" Det er fælt av meg å klage slik, for eg har verdas beste familie og alt det der, men eg tåler ikkje gå heime i lengre tid utan å kjenne meg heilt forbanna håplaus. Skodda gjer meg både fysisk og psykisk sleten. Og eg blir ikkje direkte happy av å vete at katten min Sally mest sannsynleg skal avlivast på fredag. Ho er over 16 år og full i kreft, så det er dessverre ingenting å gjere anna enn å finne seg i det:/ Eg er superemosjonell og grinete på grunn av det i dag, eg er så glad i den katten og kjem til å sakne ho kjempemasse:( Kjære gode Sallyen min ♥

Eg går på tomgang. Håpe stoda blir betre i Bergen, der er det i det minste ikkje så mykje gras og skodde, og forhåpentligvis kan eg kjenne meg hakket meir fornøgd med tilvêret der nede? Gler meg ihvertfall til å holde på meir med musikken, kjenner eg treng det no. Treng å koble av frå triste ting. 


Eit usakeleg bilete, men sånn ca så misfornøgd føle eg meg no. Om ikkje mykje verre.

Jaja. Ein må ha grå (skodde)dagar for å setje pris på solskinnsdagar, right?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits