SALLY

Katten vår Sally måtte avlivast i dag, etter ei periode med kreft i tillegg til at ho var mett av dage... 16 år er temmelig mykje i katteår når ein reknar på det!! Ho var ein glad, kosete, matgal(!) og truleg lykkeleg katt heilt til det siste, og eg kjem til å sakne ho utruleg masse. Ho var mykje meir enn ein katt for meg, og vi har hatt mange djupe samtalar eg og ho opp igjennom åra;) Ho har vore som ei god venninde eg har kunne sagt alt til, og som berre har gitt meg god kos tilbake. 


Hadde det vore mulig hadde eg hatt ho heilt til eg sjølv er "mett av dage", men slikt går sjølvsagt ikkje. Eg har hatt ho heilt sidan eg var 10 år, og eg huskar enda den første tida, kor kjekt det var å ha Sally-kattungen springande rundtomkring. Oppigjennom åra har det alltid vore kjekt å komme til Åheim og treffe Sally igjen, ho har alltid mjaua meg velkommen heim. Det er rart å tenkje på at ho ikkje lengre er der, og at neste gong eg kjem heim er der berre ein liten gravstein ein stad i hagen istaden:/

Systrene mine ville veldig gjerne ha seg ein ny pus, noko eg er veldig innstilt på òg, katteglad som eg er=) Tap av eit kjæledyr kan jo virke ein smule banalt og "barnslig" å sørge over for nokre, men eit kjæledyr ein har hatt så lenge knyttar ein så sterke bånd til at det er umulig å ikkje bli trist når dei døyr eller forsvinn. Eg har vore nokså sentimental av meg dei siste døgna pga dette (som nevnt i forrige innlegg), og kjenner det var igrunn veldig greit å komme seg til Bergen istaden for å vere heime når pappa og systrene kom frå dyrlegen! Systrene mine insisterte på å vere med til dyrlegen for å vere med Sally til det siste, og eg syns dei er veldig tapre. Veit ikkje om eg hadde klart det! ...Det her innlegget vart lengre enn planlagt, men sånn er det når eg tyt i veg om emosjonelle ting. Uansett; eg kjem til å sakne Sally masse, men livet går vidare og eg er glad vi fikk ha ho hos oss såpass lenge! Om der finst ein kattehimmel, eller ein himmel der alle gode ting kjem, så er ho nok der;) God natt, gode Sally-pusen vår og takk for alle dei fine stundene vi hadde ilag ♥ 

 ♥

2 kommentarer

idamarie19

13.07.2012 kl.13:13

Så trist! :( Er like surt hver gang et kjæledyr dør. De blir alltid mer enn bare det, en venn, noen som alltid er der uansett hvor sur dagen din har vært :) Håper du en dag kan finne en kjekk katt igjen ^^,

Kathleen

16.07.2012 kl.11:58

idamarie19: <3 Tusen takk for omtanken! Ja, Sally va jo mykje meir enn bare en katt for meg..alltid god og snill:) Ja en vakker dag skal eg få meg både katt og hund har eg funne ut=) Gler meg til det! I mellomtida satsa eg på at søstrene mine heime krangla seg til å få en ny skjønn pusunge til eg skal heimover igjen;)

Skriv en ny kommentar

hits