april 2012

BUNAD



Meg i bunaden min i dag! Var i konfirmasjon til søskenbarnet mitt, og no sit eg sleten i sofaen hos "vertsfamilien" i Florø. Skal sove hos tante og søskenbarn til eg tar båten til Bergen i morga. Vi har hatt ein kjekk dag med strålande sol og heidundrande masse god mat! Heilt stappa. Forresten heilt forelska i Instagram-appen, som eg omsider makka meg til å ta i bruk, -eg òg;) Så det kjem muligens til å gå i instagram framover...berre ein advarsel.

OBAMA MY MAN



ELIN SOFYE - MAYDAY

Herregud, det her er så sjukt bra at alle bør få det med seg!!! Mi beste venninde og up&coming-artisten Elin Sofye er ute med sin andre singel "Mayday" frå debutalbumet "There´s gotta be more", og har i den anledning spilt inn en heilproff musikkvideo, produsert av dyktige Stian Servoss. MEGAKUL musikkvideo, og eg er mildt sagt misunnelig;) ENJOY!  Og sjekk gjerne ut meir fra Elin her:

http://www.elinsofye.com/

Musikken til Elin Sofye er også tilgjengelig på iTunes, Spotify etc...løp og kjøp som dei seie;)

FOXES & INDIANS

HURRA! Oppdaga nettopp en ny sang av vakre Foxes, "White Coats", den var akkurat like kul slæsj finfin som dei to andre gull-låtane "Youth" og "Home".

Har de ikkje høyrt dei enda? Vel, her kjem alle godbetane på rekkje og rad:

"But you make it easier to be who I want to be...."

"Don´t tell me our youth is running out. It´s only just begun."

"Break the cycle. Round and round, round and round we go."

(Nyyyydelegaste musikkvideoen òg, sukk...)

♣ 

Ahhh, herleg musikk! Eg blir heilt indianer av å høyre på eg! Flashbacks til forrige kule (forrige helga) som endte på Landmark, med godaste Idunn og Aleks:) Her står eg og Aleks og dansar "indie-style" foran høgtalarane, hoho.. ikkje rart eg vart susen i toppen.

 

Ein artig kveld var det, med rosa fjøyr i håret.

 

Og doke, sjekk ut Foxes på fjesboka her: 

https://www.facebook.com/iamfoxes

Ho deler ut gratis nedlastning av den nyaste låta si, blant andre freshe saker.

FLOWERY


Eit happy-clappy-bilde av meg og mitt freshe nye iphone-deksel frå Accessorize! Samt ein ny og matchande genser frå H&M, elskar fargen=)

Ønska alle sammen en god og produktiv dag;) Her blir det lesing til eksamen og øving med ukuleleorkesteret seinare!

SSSSLANGE I ØYRET



Me wearing my new earring-thing! Bilde tatt på badet med iphonen, ikkje verdas beste kvalitet diverre. Men øyredobb-tingen, altså forma som ein lekker slange som viskar sirlegt i øyret mitt, den er eg nøgd med altså! =D Vurderar å skinne eine sida av haudet for å la den komme betre til syne, men det er ein smule for dristig for pysete meg. Kanskje eg skinnar ein liten flekk..? Ein vakker/dristig dag...

OPPGRADERT GEOGRAFIKUNNSKAP

Gosh, eg vart så dautrøytt under forelesninga i dag at eg sneik meg inn på aftenposten for å våkne litt. Der fann eg ein meget artig "quiz", der ein kan teste geografikunnskapane sine på diverse kart! Føle meg faktisk hakket smartare -geografisk sett- berre etter nokre få runder;) Prøv ut sjølv!:

VEMODIG

Eg er komt meg til Bergen igjen, kjenner eg er litt vemodig med tanke på at eg saknar dei heime og at ferien straks er over. Så i dag er eg nok i det bittersøte, filosofiske, vanskelege, såre, ambivalente, tomme, overfylte, ettertenksomme og følelseslada hjørnet kjenner eg. Der dei store spørsmåla svirrar rundt i haudet mitt og gjer meg litt tafatt sidan all energi går med på å tenke og bekymre seg. Hmm. Derfor både deilig og vondt å høyre på fantastisk musikk frå godaste veteranen Moby. Å høyre på slikt er som om ei nokon stryk deg på kinnet og seier "ja, eg veit..sånn er livet. Men du er i det minste ikkje aleine." Jess, dagens filosofiske. Det er lov.

Og til sist: Her er ein av mine definitive favorittar: 

Herleg. No kjenner eg det blir godt å komme seg på middagsbesøk til gode venner og få positivt påfyll:)

hits