mai 2011

Min nye låt: Bird

Tenkte eg skulle driste meg til å dele en ny låt eg har laga og produsert med doke, sjølv om det alltid er like skummelt. Vel, den som intet våger... :)  Sangen handla om kjensla av å sveve over alt og ikkje være en del av samfunnet, medan ein igrunn lengtar etter å bli ein del av alt igjen og finne seg ein meiningsfull stad å slå seg ned. Jah. Noke i den dur. Den e inspirert av nydelige "Green Door", av Hanne Vatnøy (sjekk gjerne ut liveopptaket mitt av den her: http://www.youtube.com/watch?v=g2v4ubc6bCw) og The Beatles generelt. Eg har spelt inn alt på min vetle MacBook, og triksa litt med effektar og slikt, så då er dykk åtvara om at resultatet er deretter. Håpar songen min kan vere til glede for noken i alle fall;)

Filmen om mitt liv



Her e eg klar for den røde løperen, haha! Sjekk den sokalla "filmen om mitt liv" her: http://www.klarforalt.no/film/774615531

Her kan du òg lage din egen film om deg sjøl, kun ved hjelp av ett tastetrykk! http://www.klarforalt.no/film Eg gjorde såklart dette på eige initiativ, for å få dautida på skulen til å gå medan eg ventar på at eine timen skal starte...så dette er ikkje reklame som eg får betalt for, sånn det er sagt. Eg gjer det utelukkande fordi eg kjedar meg. Og ikkje gadd å gjere fornuftige ting her eg satt. Oh yeah.

Tekniske meg

Har vore på høgskulen og fått lånt meg skikkelig kamera-utstyr, for no skal det filmast! Har tatt oppdraget å filme både ungdomsgruppa og juniorgruppa (som eg instruera) sine forestillingar, som er idag og på søndag! Blir artigt:) I kveld er det òg premiérefest for oss "juniorane", sidan vi ikkje rakk/orka feiring på søndag! Så det blir en trivelig jobb på meg i kveld=) Av mangel på oppdaterte og "tekniske" bilete av underteikna slenge eg heller ved eit bilete av meg med speilrefleksen på Italiatur 2010:


Italia, nærmare bestemt Salerno juni 2010:)


Liker? Ja!

Hektiske men fine tider

Eg kosa meg masse for tida og syns virkelig livet er fint og vakkert trass i alt stresset! =) En av fleire grunnar til at eg smiler er den gode kjensla eg får av å berre tenkje på dei fantastiske jentene mine på musikkteateret. For ein flott gjeng, er rett og slett blitt skikkelig glad i dei eg altså. Ikkje vanskelig i det heile tatt:) Dei gjorde en skikkelig god innsats på premiera på JUNGELLIV, eg og resten av salen koste oss masse og vart sjarmert i senk av dei! (av mangel på bilde av dei her og no sleng eg med eit bilde av ei smilande meg)

Mi beste venninde, Elin Sofye, var og såg på premiera vår, og var så kjekk å skryte litt av oss på heimesida si: www.elinsofye.com  Sida er  "up and coming" -akkurat som godjenta sjølv! Snart blir det cd-slipp på Elin, og da skal eg reklamere for ho i hytt og pine, berre vent;) Musikken hennar er skikkelig bra! Sjekk ut! 

I dag vart vi ferdig med andre eksamen i drama for semesteret, berre ein skriftleg igjen no! Vi framførte teater-i-undervisningsprosjektet vårt for ei 8.klasse i Fana, og det gjekk ganske så bra. Fekk mange fine tilbakemeldingar fra dei kjekke sensorane, så vi har ei god kjensle på det no;)

No skal eg straks avgårde til Hanne Terese for å lære meg litt meir matte. Ugh, likar ikkje tanken på at munnleg matteeksamen nærmar seg... Heldigvis har eg sånne kjekke venninde som Hanne, som kan hjelpe stakkars meg. Matte er ikkje heilt mi greie, for å seie det slik. Men det blir godt med litt kollokvie, det hender jo at eg fakisk forstår litt etterkvart òg! (slenge ved eit gammalt bilete frå 2008 av både Elin og Hanne, dei e så skjønne!) 

Eg er rett og slett svært takknemlig for alt det gode og meiningsfulle eg får oppleve i livet mitt, både no og sånn reint generelt! Andre ting som får meg til å kjenne meg blid og levande er god musikk, som denne her:



Og denne her, hoho! Denne skal det festes til når eksamen e overstått!: 

Mi fortid som operasangar

Superhumor! Fann denne videoen på youtube no nettopp, lenge sidan eg har sett den no! Den er frå 2008, da vi på musikklinja på lærarhøgskulen var med på å setje opp barokkoperaen "Dido og Aeneas" i anleding musikklinja sitt 50års-jubileum. Alle musikkstudentane frå 2. og 3. trinnet var med som "ensemble", dvs at vi var koret bak solistane (nokre av oss hadde roller som solistar òg faktisk), og vi var både hekser, hoff-folk og horer/sjømenn gjennom forestillinga. Eit veldig artigt minne var det iallfall! Vi holdt 4 forestillingar på Landås, deretter framførte vi ein del av operaen på jubileumsfesten i Greighallen i etterkant. Så eg har altså vore med å stå på storscena der, bank i bordet;)

Sjølve klippet er  fra då vi i oktetten (der eg var ein av 2 sopranar) besøkte NRK P1 sin radio for å reklamere for operaen. Vi framførte ein av dei vanskeligaste songane, og eg høyre sjølv at eg slite litt med alle "trillane". Men det er dog eit artigt minne å sjå tilbake på synst eg=)

Om man er nysgjerrig står der alltids meir om operaen her, der eg vart intervjua i etterkant av premiera (og fikk eit fint og sletent bilete av meg sjølv på trykk itillegg): http://www.hib.no/aktuelt/nyheter/2008/10/StorslattoperapaLandas.asp


Og så midt i ei setning òg da...Nice.

Blomsterpiken

Veit ikkje heilt kva det er som gjer det, men eg diggar denne blomster-oppsats-hårpynt-dingsen eg kjøpte på Monki for litt sidan. Den er så søt! Og ganske så sommarleg i tillegg naturlegvis. Likar det.




Her hadde eg stasa meg opp ein kveld vi skulle ut på vift i Budapest! Men sidan vi etterkvart endte opp på ein temmeleg shabby (dog meget populær) uteplass valde eg å rive den av og putte den i veska. Eg er litt pysete, og det får vere måte på kor mykje ein skal skille seg ut i folkemengda. Utpå kvelden tok eg den riktignok fram igjen, og den gikk på rundgang på samtlige haud, både hokjønna og hannkjønna. Haha. Ho eine insisterte på å låne den resten av kvelden òg, så den falt tydeligvis i smak hos fleire enn meg:)



Blomsterhårbøyle, ankelstøvletter - Monki   /   Blazer -Voice of Europe   /   Skjørt og blondebody - H&M 

Minner fra Venezia

Vil ha ferie...no! Sukk..vel, får heller drøyme meg vekk til Italia, og nærmare sagt Venezia, der eg var innom ein svipptur sommaren 2009! Good times ♥

Kjørte heftig blomster-stil når eg først var dernede!

Duppa tåa i det "reine" vatnet. Syns å hugse det va temmelig varmt.



Gamlemor på tur


Hehe..såg først no at her låg litt "flaskepost" ved sida av meg..står sikkert noke romantisk inni;)

Eg dukka visst opp overalt! Linselus..




Måtte sjølvsagt ta en gondoltur når vi først va der, noke anna hadde jo vore kjipt?

Herlige minner..eg vil tilbake ein vakker, vakker dag..

Sommerlegt

Da endra eg visst litt på designet igjen..litt meir sommerfeeling no, med solbridlene på og greier=)



Sjølv om vèret i Bergen ikkje er superfint akkurat no (det lynar og tordnar) så er humøret likevel på topp, og eg skal kose meg masse med søte, gode Lana ikveld! Håper alle doke der ute får ein finfin kveld òg=)

Too many ***** on the dancefloor

Haha! Som vanlig er humoren på tipptopp her i garden;) Flight of the Concords altså... kule kisar.

Overtrøytt humor på topp

Hahaha, dansinga ut i sangen der altså...eg døyr! Takka Marita for tipset på fjesboka.

Eg legg meg herved med eit smil om munnen=)

Vakre Budapest

Kom på eg hadde lova å komme med tips om Budapest tidligare, og det skal eg sjølvsagt gjere. Er ikkje så himla mange tips eg kjem på i farta, men eg skal kome med nokre fine minner eg har frå turen og dele nokre av erfaringane eg gjorde der:

1. Hotel Budapest, hotellet vi budde på, var fint og billig. Det at vi dramastudentane nesten hadde vår eiga etasje gjorde at vi kjende oss riktig så husvarme etterkvart, og dei i resepsjonen var alltid svært hjelpsame til det aller meste. Hotellet er ei stor rund bygning som ligg nokså sentralt på Buda-sida av byen (Pest er den delen som ligg på andre sida av brua. Det er riktignok den delen kor sjølve "kjernesentrumet" ligg, men Buda er òg innhaldsrik og har truleg meir  å by på når det kjem til gamle bygningar, museum og slikt. Men så er taxi så billeg at det ikkje gjer noko å fare hit og dit kvar dag heller.) Vi hadde undervisning i 10min gåavstand derfra, så for oss passa hotellet perfekt igrunnen. Men om ein er kresen på både sentral beliggenhet og luksus kan ein sjå etter andre hotell, som da gjerne er ein del dyrare.

2. Båttur på Donau-elva: Budapest har utruleg mykje å by på når det kjem til flott arkitektur! Langs elva får ein sett mange vakre bygningar, monument og galante bruer. 2 glas champagne/vin får ein òg med på kjøpet, og eg syns å hugse turen kosta rundt hundrelappen, så ganske billigt og verdt det om ein vil sjå ein del i ro og mak. Ein få òg ei god anledning til å knipse nokre bilete undervegs. Her er nokre av dei bileta eg tok undervegs:

(Det siste biletet er teke av Rohan i klassa, her har eg kameraet klart)

3. Gå å sjå ei forestilling på det nasjonale danseteateret, Nemzeti! Høgda rundt der er så vakker, så gå gjerne ein tur i området eller et på ein av restaurantane i nærleiken etter forestillinga. Vi var og såg ei barneforestilling (av alle ting) som heitte "The shoemaker´s dream" og den var heilt fabelaktig!

4. Restauranten Dionysos er i ekte gresk stil, og bygd som ein liten gresk fjellandsby i kvite og blå miniatyrbygningar. Her åt vi siste kvelden og storkosa oss i ei trivelig atmosfære! God mat og heile pakka. Absolutt å anbefale. Ligg langs elva rett i nærleiken av Elizabeth bridge, enkel å finne og godt kjent. Lenkje: http://www.dionysos.hu/

5. Den italienske restauranten "Dolce", som ligg midt i handlegata på Pestsida, var fantastisk! Det måltidet vi åt der var definitivt det beste. Eg åt andefilet med rødvinsreduksjon, pære og båtpoteter, utruleg godt. Pluss på litt vin så er du i boks: (Eg ser temmelig pære ut sjøl her, men var ganske sleten etter ei runde shopping)

6. Vær nøye med kva slags taxi du tar, nokre lurer deg til å betale meir enn du eigentleg må. Syns å hugse at City Taxi var dei beste her, pålitelege, fine bilar og billege. Det er absolutt lurt å bli enig om pris før køyreturen.

7. Planet Sushi: Den vi gjekk på låg på Mammut-senteret på Buda-sida, her hadde dei kjempegod sushi. Eg vil personleg anbefale å bestille ein mojito attåt maten, nam!


(Haha, tok visst bilete av menyen men gløymde å ta bilete av maten når den kom..)

8. Om du skal ut på byen, sånn skikkelig "ut og danse og ta av"-style, så vil eg tru det meste av uteplassar som er aktuelle ligg på Pest-sida, sånn downtown nær West-End. Vi var på ein plass kalt "Mix", og den var skikkelig kul! Lilla lys og kvite loungar, sånn skikkelig storby-uteplass. Men ikkje rekn med å få bord med det fyrste, dei fleste er "VIP" eller reserverte:P Kjekt å danse her var det iallefall:)

9. Ta deg ein tur i ein av dei flotte parkane i den vakre byen. Ein super plass å få roen igjen og stresse ned:)

10. Shoppingen eg gjorde var ikkje den heilt store (men det var heller ikkje meininga sidan eg igrunnen har nok klede frå før i bagasjen og vi trass alt var på studietur), men her er det eg kjøpte meg:

Har vist det i eit tidlegare innlegg òg, der eg nevnte at det flaue her er at det meste eg kjøpte stamma frå H&M. Ikkje at eg ikkje fann fine plagg andre plassar, men ja...kva skal eg seie? Eg kjøper det eg liker og kjenner eg treng. Var innom ein annan butikk og handla òg, Bershka heitte den. Endte opp med å kjøpe litt her òg! Ellers lite shopping for min del, men skal du til Budapest for shoppingen sin del er West End anbefalt av mange + den handlegata vi var i, som ligg like ved brua på Pest sida, nær Elizabeth bridge.

11. For værgudanes skuld: Drikk MYKJE mojito!! Det er såpass billig med alkohol i utlandet at ein kan unne seg ein eller fleire drinkar til maten. Den beste mojitoen drakk eg på Dionysos! Namnam, du er på ferie og livet er til for å njutast sei no eg;9



11. I kjent slakk stil overlet eg resten av "guidinga" til to videoar eg fann på youtube, for dei særskilt interesserte. Atter ein gong: Budapest er ein fantastisk by som eg absolutt vil anbefale som reisemål. Eg har veldig lyst tilbake dit ein dag!

(Eg reiste i lag med dramaklassa mi, og ikkje aleine, sjølv om det kun er bilete av meg sjølv på dette innlegget. For av hensyn til at enkelte ikkje vil ha bilete av seg sjølve lagt ut på den vide verds-veven så lot eg vere å leggje ut bilete av dei andre. Sånn dykk veit.)

Tafsetafse


Her tafsar eg på den flotte brystfagre dama i byparken vår. Medan eg støttar brystkreftforeninga sjølvsagt!

Grønnere Gress?

No er det omlag eit heilt år sidan eg var med på å lage denne kortfilmen her. Det var då ei gruppe norskstudentar frå høgskulen her som skulle lage ein kortfilm til eksamenen sin, og dei ville ha hjelp med det musikalske. Eg fekk difor forespørsel om å lage musikken til, og sjølv om eg var travel med eksamen sjølv så takka eg gladelig ja til utfordringa, for slikt tykkjer eg er stas! Eg storkosa meg med å pusle i hop musikksnuttane på GarageBandet mitt, sjølv om eg var ganske fersk og amatør når det kom til redigering og slikt. Syns resultatet er ganske sjarmerande eg, og det er i alle fall eit fint minne å ha i ettertid. Artigt å sjå den igjen! Tenkte eg skulle dele den med doke:

Der rann begeret over

Eg treng verkeleg styrke til å kunne klare å tenke positivt idag, for i natt er det ein usling som har brutt opp og øydelagt låsen på scooteren min og stjelt med seg hjelmen, regnbuksa og skinnhanskane mine. For ein utruleg dårleg start på dagen. Det var liksom dråpa som fikk begeret til å renne over for min del, etter å ha opplevd ei rekke andre negative hendingar i det siste itillegg til at eg slit med ei nagande eksamensangst. Det er tredje tilfellet iløpet av berre ein månad at scooteren min vert utsett for hærverk! Den er blitt velta, spegelen har blitt stolen og no dette. Ei natt for litt sidan vakna eg av at to fulle karar stoppa opp utanfor soveromsvindauget mitt (der scooteren står "trygt" plassert), der han eine utbraut: "Eg fikk så lyst til å bare velten den scooteren her!"  Fy f*** så respektlause enkelte er, dei eig ikkje skam! Eg vart lyn forbanna og slengte nokre finord ut vindauget i rein refleks, så dei gikk før eg fekk sett kven det var. Det var kanskje litt dumt, men eg var til mitt forsvar halvvegs til draumeland og brått meget amper.

Som dykk kanskje har skjønt har eg ikkje eit direkte godt syn på verken mennesket eller tilvèret i dag. Veit der fins større problem der ute, men det hjelp ikkje akkurat å tenke slik heller no. Så eg treng styrke til å sjå det positive i ting før det byrjar å ordne seg.

Gje meg styrke, nokon eller noko.

-Og fuck folk som gjer sånt! Møkkamenneske!! =/

(Hehe, flott bilde henta frå ein gong eg tydelegvis hadde hatt eit lite uhell)

Godt sagt.

"I mourn the loss of thousands of precious lives, but I will not rejoice in the death of one, not even an enemy. Returning hate for hate multiplies hate, adding deeper darkness to a night already devoid of stars. Darkness cannot drive out darkness: only light can do that. Hate cannot drive out hate: only love can do that."

-Martin Luther King, Jr.




Eg tek meg sjølv i å lære av dette sitatet, for eg har òg vore ein av dei som fyrst reagerte med eitt "YES!!" når eg høyrde nyhendet om ein viss terrorist som vart drepen no nettopp. Men når eg tenkjer etter er ikkje eit drap i grunnen noko å ta for lett på, ei heller glede seg over, sjølv ikkje når dette gjeld eit drap på ein som sjølv er ansvarleg for mange drap. Som no mange fryktar vil dette drapet truleg bli etterfulgt av fleire drap og fleire terroraksjonar. Ein sokalla ond sirkel. Akk. 

Takkar kompisen min som posta dette fine utsagnet frå godaste Luther på facebook, og eg sender dykk gjerne vidare til eit godt innlegg om saka: http://piahysj.com/2011/05/03/bøddelmoral/

Orange

Oransje er ein farge som kan gjere meg glad og lett til sinns. Det er noko med den gylne fargen som får fram det beste i meg. Sjå berre her:

Haha. Flott det. Elskar å kombinere denne korall-oransje kjolen med favorittgulløyredobbane mine.

-So måtte eg jo posere med den nye oransje stein-ringen min! Den er herleg stor:


-Og til slutt kjem eit ytterst komisk forsøk på å sjå både intellektuell og sexy ut på same tid:

Soleis kan det altso gå. Kan ikkje anna enn å le litt av meg sjølv.

Men ja, oransje er ein fin farge syns eg!


God Natt Bamser!

Perfekt musikk å sovne til...Herleg...Elskar Air....Zzzzzz

Solgul lommebok


Er ikkje denne lommeboka til å ete opp? Eg fall i hvert fall pladask for den når eg fann den på Accessorize forleden dag, og sidan eg likevel var i beit etter ny lommebok så passa det perfekt. Elskar den friske, solgule fargen!
I Nordnesparken.

Sunny Days


No har det nettopp vore ei lang periode med strålande vèr kvar dag her i Bergen by. Det har vore heilt fantastisk, men for å vere heilt ærleg har det òg vore litt travelt på ein måte. Så igrunnen er det litt greit med eit lite avbrekk med overskya himmel i dag. Då har eg ikkje fullt så dårleg samvét for å sitte inne og kope. Kanskje får eg til og med lest på litt viktige saker fram mot eksamen? Ah, men kjenne eg gler meg til sommarfri..da kan finvéret berre komme igjen.

hits