mai 2012

CHERRYFLOWERS

Åh, som eg elska sommar, sol og desse blomstrane her...Får nyte tida mens dei er her og pyntar opp tilværelsen! Glad byparkane bugnar over av slike trær;)


Dag som natt, like vakre...ahhh..


SISTE INNSPURT

I morga på denne tida er eg i både lykke- og anna rus! Da er det nemleg eksamensfest, og det er ein fest eg håper eg klarer å gjere meg fortjent til. Nett no er oppgåva langt frå ferdig, faktisk har eg ikkje mindre enn 1000 ord for mykje. Så her er det full fres til morgongry skal eg bli ferdig. Eg skal til helvete og deretter til himmelen for så å gjenoppstå frå redbullrusen sånn cirka 18.00 imorga, etter ein heftig powernap grunna minimalt med søvn dei siste dagane. Så er det PARTAY med mastergjengen, og hutteti-tei så eg gler meg til det!=D

I´ll be back. Med løfta hovud forhåpentlegvis.

SPARKLIN´


Spica opp neglane mine med den her deilige blå glitterfargen!

Ikkje noke fancy Debroah Lippman eller i den dur, rett og slett en Maxfactor-neglelakk til ca 60kr. Duge fint for meg! Har ikkje verdas lengste og vakraste negler om dagen, men dei vart iallfall finare med litt glitter og farge på;)

HEFTIG SHIT

"..du ikke kan forstå, Linn Kathrin har prøvd å laga video nå!" Joda, når eksamen står på som verst trøsta eg meg med kreative prosjekter. Eg får så mykje meir motivasjon og godvilje av å høyre på sånn musikk. Takk til Mario Basanov, for at du strødde tryllestøv over Dionne Bromfields allerede kule "Yeah Right"! No er den så kul at eg må høyre på den stadig vekk=)

Sidan eg ikkje fann denne versjonen på youtube måtte eg gjere noke med saken! Derfor snekra eg saman min eigen versjon på iMovie, ved å bruke eit bilete eg tok nyleg. Likte så godt fargane i dette biletet, og syns igrunnen eg hadde ein "yeah right"-attitude her? :) Eg syns det kan være kjekt å ha noke å feste blikket mitt på når eg høyrer musikk..noko attåt som skaper ekstra feeling og stemning rundt låta. Og syns neongult, turkis og rosa var fargar som passa inn her, i alle fall i mitt univers;)

"Yeah Right, Yeeeeeah Right!!"

NEON AND TURQUOISE

Likte dei her fargane ilag eg! Neon-gul topp, turkis glitterneglelakk og rosa lepper. 

Drøyme meg vekk til sommarferie og sydentur! Da skal eg bli ein anelse meir brun, få så mange fregner som mogleg og bleike etterveksten naturleg i sola;)

*Eg sukkar høgt for meg sjølv her eg sit med innspurten av heimeeksamen*

Har faktisk laga ein videopresentasjon av en remix eg syns eg temmelig heftig, der eg har brukt dette bildet her. Den skal eg legge ut seinare, så følg gjerne med!

YEAH RIGHT!

Tøfftøff sang!! Versjonen til Mario Basanov e enda tøffere, men den ligg diverre ikkje på youtuben. Vurdera å lage ein eigen video og legge den ut sjølv...om det går;) (så stay tuned)

Har forresten makka meg til å bruke både hipstamaticen, twitteren OG instagramen i det siste, blitt skikkelig hipp.

Yeah right, tenkjer du. Men det er sant. Ok da, så får ikkje eg til førstnevnte så bra, men på twitter og instagramen er eg faktisk litt aktiv om dagen (pga eg har eksamen og vil gjere alt muleg anna).

Følg meg gjerne på "Linn Taklo" (twitter) og "mskathleen85" (instagram)


sjæææmpefin

MJØLK OG MORD

Dette er bakgrunnsmusikken eg laga til et teater-i-undervisningsforløp som eg og en gjeng fra dramaklassen turnerte med i fjor vår=) TiU´en handla om eit drap på ein utviklingshemma person, og vi tok opp tema omkring ondskap og motiv for onde gjerningar. Interessant og himla kjekt å spele for elevane (frå 9.klassingar og oppover)!

Melodien til denne bakgrunnsmusikken kom eg på for maaaange år sida, allerede som 13åring trur eg faktisk! Det var då eg og venninda mi, Judith, spelte og skreiv songar i lag. Denne melodilinja er henta frå songen "To the bottom" trur eg det var.. Utruleg fengande faktisk, hehe. 

Uansett; denne versjonen er gjort acapella, med litt "dryppe-effektar" på garagebandet. Enkelt og greit, og gjort "på få minutter" (for å høyrast litt reklamerande ut). Som doke kan høyre, elskar eg fleirstemd musikk og sang;)

Håper doke likar denne heimesnekra musikkpresentasjonen! Eg spilte litt mjølk i produksjonsfasa, men vel å ikkje grine av den grunn. Her er dei to "spilt mjølk"-bilete som eg brukte:


"Når begeret renn over"-liksom.

LILLA APE


Er så fornøgd med denne sjarmøren her, som passar på nøklane mine:) Fekk han med min kjære roomie Joliana, som har ein lignande ein sjølv! Artigt.

Og så i lilla, fine fargen. Bra timing at eg hadde lilla negler her da;)

 

PROKRASTINASJON

Et viktig stikkord om min kvardag i desse eksamenstider er "prokrastinasjon". 

Slår man opp på Wikipedia får man følgande definisjon på begrepet: Prokrastinering er et uttrykk innen psykologien som innebærer utsettelse eller unnvikelse av en handling som skal avsluttes. Dette innebærer at fokus forflyttes til andre handlinger som vil føre til at personen ikke får utført påbegynte arbeidsoppgaver.

Oh yeah, gjett om eg kjenne meg igjen! Særlig i denne framstillinga, haha:



Som følge av min pågåande prokrastinasjon har eg shina leiligheta og rydda rommet til både meg og roomien, baka eplepai, rydda i hyller og skap, ja til og med vaska sofatrekket!! Det har eg aldri gjort før, og det var jammen på tide..men akkurat no burde eg definitivt kun jobba med eksamen..og heller ikkje blogga.

Hej då!

MAI OG EKSAMENSTID

 

Mai er kanskje min favorittmånad, hadde det ikkje vore for at eg alltid har eksamen og slikt då...sukk. Eksamenarbeid og finevær går ikkje akkurat hand i hand. Kjipt å sitje inne på ein lesesal medan ein ser den blå himmelen lokke på ein i refleksjonen frå vindauga i nabogarden. Vil heller sitje ute og lukte på nyklipt gras, blomster og solsteik, medan fuglane kvitrar og byggjer reir, alt dette på trass av pollenallergien. Alt anna enn eksamensarbeid! Sånn ca ser det ut når eg sit på lesesalen↓; tankane vandrar ofte til andre plassar enn dramarelevante nettsider (som f.eks. hit). Drama er riktignok kjempeinteressant og viktig -ikkje misforstå mi genuine interesse for faget- men når det kjem til ting eg MÅ gjere (som f.eks. eksamen) så vil eg helst gjere alt muleg anna. Trur det er fleire enn meg som har det slik..?

 

TRIST NYHET

Vart veldig trist når eg fekk vete at Alexander Dale Oen var gått bort. Så utruleg meiningslaust og trist.. Vi har ikkje berre mista ein av våre største idrettsutøvarar, men også ein fantastisk, varmhjerta og flott ung mann som ikkje minst var eit godt førebilete for andre!



Kvil i fred Alexander, du vil ikkje bli gløymd <3

hits