juni 2011

Verdas beste lisjebror=D



Verdas beste lisjebror Arthur har bursdag og blir 12 år i dag!!! Hipp Hipp Hurra for deg, gode du! Gler meg til å treffe deg og feire deg med både kake og sushi (Arthurs favorittmat faktisk!) på lørdag=D Du e den aller beste, kulaste og snildaste guten eg veit om! Kjempeglad i deg ♥

Store bamseklemma fra storesystra di!



Bakom skyene er himlen blå


No nyte eg det rolige bygdelivet her på Søre Sunnmøre, i lag med to søte småsystre, pappa, stemor og Sallypusen=) Véret e kanskje ikkje det aller beste om dagen, gråskyene har bete seg godt fast. Har eit håp om at dei skal byrje å trekkje seg attende iløpet av morgondagen! Til den tid får eg nyte koslege sumarbilete frå juli i fjor, og hugse at bakom skyene er himlen nettopp blå;)











Ah, ei herleg kjensle å tenkje at eg er ferdig med matten og elles har fått kjekke eksamensresultater, so no har eg verkeleg tatt ferie! Pluss at eg har masse anna fint å glede meg over her i livet, så alt i alt har eg det veldig bra no! Deilig å vere heime og kose seg med familien, lenge sidan sist:)

Vil ønske alle en super sommerferie! ..Ekje sikkert eg blir so aktiv her innpå framover (for who cares liksom, hehe)...men får sjå. Eg skal i alle fall NYTE ferien i år, uansett vér=) Det får doke òg gjere!

"Little River", starring meg og Espen:)

Goooode og artige minner fra 2008, dette:

Musikken er skrive og framført av Robert Smith Hald. Dette er ein musikkvideo som vart laga av Jørn Lavoll (http://jorn.lavoll.no/), med meg og  Espen i rollene her. Utrulig morosamt å sjå tilbake på, må le litt når eg ser på denne videoen her! Søtt:)

Et forsinka HURRA!

Tenke seg til, no e eg faktisk ferdig utdanna musikk/drama-lærar!!! Vart endeleg ferdig med matematikken for vel ei veke sidan, og det kjentes heilt utruleg herleg=) Trudde eg aldri skulle bli ferdig med den... Fikk til og med en grei karakter, hoho! Ken skulle trudd det?:) (Turte riktignok ikkje sjekke karakteren før fredag som var, hehe) Har vore mykje jobbing og har vore nokså psykisk og fysisk sleten i det siste grunna det, men etter jobb på torsdag er det hæla i taket og skikkelig sommarferie her i gården;D Fredagen vert det mest sannsynlig bursdagsfest for Janie, så vert det kanskje en kosleg visitt innom Samnanger med Karina, før det vert en skikkelig heimtur til Sunnmøre på mandag:) Sakna familiane mine noke voldsomt no! ♥


Eg i min solgule kjole frå Oasis. Bilete frå avslutningsfesten med dramagjengen forrige fredag, sjukt morsomt!  Musserande rosévin er ikkje feil i slike samanhengar (for oss over 18!)=) Vart mykje skråling og skåling, en herleg kveld og et fint minne:)

Last Friday Night

Kan ikkje la være å føle meg litt fnisete og glad når eg høyre og ser dette her, humor!:

Ha ein fortsatt fin torsdagskveld!

Gotta be more

Eg filma bestevinninda mi, Elin Sofye Rabbevåg, når ho spelte på Vågen Fetevare her i Bergen for to veker sidan. Her er den eine av seks låtar ho spelte den kvelden, kjempekul=) Håper doke likar den òg!!

...Doke må gjerne like dette via facebook òg såklart;) 

Sommarfri



Det er kjempedeilig å kunne senke skuldrane og ta ferie!=) Eg har ikkje heilt klart å senke skuldrane fullstendig enda, det er vel ein slags gradvis prosess det der... Er faktisk litt vemodig å skulle være ferdig òg, kjem til å sakne dramaklassa mi noke enormt! Eg er jo blitt veldig glad i dei, heile gjengen ♥ Var utruleg artig på avslutningsfesten på fredag, bilete derifrå kjem om ikkje lenge;) Håpe det er mulig å halde kontakta med en del av klassefolka i hvert fall. I går var eg forresten å møtte en god gjeng frå musikklinje-klassa mi (som eg gjekk med i 2006-09), det var virkelig et kosligt gjensyn! Eg var òg å kora for Camilla North på Kosmo klubb utpå kvelden, det var utruleg artigt! Er ganske sikker på at det vart filma, så kanskje eg postar filmen når eg finn den? Hoho, om eg tør. Det gjekk ganske bra, responsen var iallfall kjempegod:) Koste meg masse i går altså, men kjenner eg er ganske sleten i dag. Skal slappe av resten av dagen, i eige og anna godt selskap seinare på kvelden:) Ha ein strålande søndag!

Settekassa mi

Eg e fan av sukkersøt nostalgi, noke både den rosa settekassa mi og dette søte bildet er to eksempel på! Elskar settekasser, syns det er ein fin plass å oppbevare søte små duppedutter, som til dømes ringar, parfymer, søte figurar frå barndomen, souvenirar og andre småting i miniatyr. Eg har brukt litt tilfeldige ting her..kanskje på tide at eg byttar ut litt når eg ser etter, hehe.



Eksamen i morgon, herleg

Oh yeah, eg gler meg skikkelig. Faktisk so mykje:



Biletet er riktignok gammelt, men ja. Skal bli himmelsk å bli ferdig med eksamenane no, sånn eg kan nyte livet fullt ut! I morgon på denne tida er eg uansett utfall på eksamen verdas lykkelegaste jente =D

 

Heliumsballong

Eg kan like gjerne innrømme det. Eg e heilt i skyene om dagen, og verken eksamenspress eller verdskriser kan få meg ned nett no. Livet kan vere så vannvittig herlegt. Eg kjenner meg så lett som en heliumsballong. Ein sånn gul ein:)


(Bildet henta frå: http://www.flickr.com/photos/hippie/2596811329/sizes/z/in/photostream/)

hits