juli 2011

Prinsesse Døgnvillikke



Kom for ikkje så lenge sidan heim frå jobb. Tredje døgnet på rad som nattevakt. Kjenne meg litt rar i både kropp og topp.Blir sånn passe greit å få sove skikkelig ut no...! Berre eg hadde klart nettopp det då... Nett no ligg eg lys vaken i senga, fann det til og med for godt å sei hei til bloggen og greier. Prøver å bli trøytt. Uansett, ynskjer alle morgonfuglar ein fine dag;) Eg skal sove vekk sånn ca halve dagen, så vonar eg den siste halvdelen veg opp for det! Naity.

Eg er så stolt

Det e fleire grunna til at eg e stolt om dagen. For det første e eg stolt av å være norsk, og medlem av et viktig demokrati. Har bestemt meg for å bli meir politisk engasjert framover, føle vi nesten skylda offera for terroangrepa nettopp det. Eg tippar det blir ein svært spanande haust med uvanleg mange politisk aktive her til lands!

Ein annan god grunn til at eg er stolt, er fordi eg har ei sånn fantastisk bestevenninde! Elin har gått i gjennom meir enn dei aller fleste her i livet, og i det siste har ho vore gjennom umenneskleg mykje sorg og smerte. For to veker sidan mista ho far sin, som døydde av kreft berre litt over 50 år gamal. Ufatteleg trist! Det er så urettferdig at nokre opplever så mykje grusomt i livet i forhald til andre. Det har vore vondt for meg å vete at ho og familien hennar er i sorg. Men det gjer så godt å få tegn på at ho vil mestre også denne krisa på ein god måte, og eg veit ho har mykje styrke i seg til å takle denen tunge tida. Ho er så vannvittig sterk, og midt i alt det vonde ho sjølv opplever no så viser ho stor omsorg for dei rundt seg. Det var noke eg fekk merke sist eg prata med ho. Sjølv om det er ho som gjerne treng mest støtte no så insisterte ho òg på å lytte til mine mindre problem. Det gjorde godt å prate med ho, sjølv om det òg var vondt å høyre om kva ho hadde gått i gjennom heime i det siste. Ho er i stand til å sjå i gjennom tungsinnet og glede over livet og sjå framover, og det er så betryggande å vete for meg. Eg gler meg til å finne på mykje kjekt og koslig med deg når du er tilbake i Bergen igjen, Elin! Vit at eg er her for deg:)




No i denne tunge tida har ho funne styrke i dei rundt seg, i trua si og, ikkje minst, i musikken. Ho engasjerer seg vidare for det tragiske som har skjedd i landet, og oppmodar alle til å være gode og varme medmenneske og vise empati i denne songen som ho delte med oss på facebook i går, kalt "In their shoes". Anbefalar alle å høyre på den, og ikkje minst ta til seg og spre bodskapet ho kjem med: Ta vare på kvarandre ♥  (spre gjerne videoen til andre òg, da blir eg -og Elin- veldig glade!) Sjekk ut meir om Elin som menneske og artist her: http://www.elinsofye.com/

Elin, eg er så utruleg glad i deg og stolt av deg! Gler meg til du kjem til Bergen og eg får sjå deg att:)

♥

Noreg i mitt hjarte

(Bildet er teke på Ulrikken i Bergen i april 2011)

Tragedia er so endelaus stor her i landet om dagen. Det som skjedde i Oslo og på Utøya 22/07-2011 er totalt ubegripeleg. Sjølv om eg ikkje kjenner nokon av dei som er hardast ramma så kjenner eg ei djup medkjensle og sorg med dei som har mista sine kjende og kjære. Tankane mine går til dei som vart ramma, og måtte dei omkomne kvile i fred. Dei har ikkje døydd forgjeves, vi skal kjempe vidare for vårt gode, frie land og for demokratiet vårt. Aldri har fridomen vår kjendes so verdifull. Ei stor takk til alle som er med på å halde landet vårt fritt og godt å bu i. Saman er vi sterke. Ingen skal få ta i frå oss det gode i oss, ingen skal få skremme oss til taushet. Det mennesket som er ansvarleg for dei grusame terrorhandlingane -og elles slike som han- skal aldri få vinne, aldri få rett. Vi er ein sterk, stolt og ikkje minst varm og god nasjon, og det skal vi alltid fortsette å være.

♥

Ørkenblomsten

I kveld skal eg og Karina på kino og sjå Ørkenblomsten, ein film som omhandlar ei sann historie om ei somalisk jente som rømte fra heimlandet og seinare har gjort det stort som internasjonal modell. Spanande med andre ord;) Og ein smule kvinnesaksorientert, noko som eg likar veldig godt! Håper filmen fell i smak...

Ein søt detalj



Favorittkombinasjonen min om dagen, kva klede og tilbehør angår;) Blondetopp i gammalrosa kjøpt på Cubus(her over ein kvit singlet), og eit søtt uglesmykke eg fann med rosa auge som eg ikkje hugsar kor eg kjøpte hen. Perfekt kombinasjon tykkjer eg! 

Rollercoasterride

Life is a rollercoaster, synge Ronan Keating so fint. Og ja, eg seie meg enig der. Livet går verkeleg både opp og ned, det er berre slik det er. Eg fekk lyst å dele ein song her, som eg har likt lenge. Teksten her er òg kjempefin og enkel, og treff meg midt i magen, eller strupa, eller akilleshælen om ein vil.

Med det ynskjer eg alle natteravnar ei god natt. Om enn ein smule melankolsk? Hehe, men det er den vakraste kjensla i verda tykkjer eg. Sjølv om den er litt sår å kjenne på. Livet er òg vakkert, innimellom berg-og-dalbanetoppane. Eg skal halde meg vaken heile natta (har faktisk ikkje noko val, er nattevakt på bufellesskapet), og satsar på det vert ei roleg og stille natt i ettertenksemda sitt namn.

Fred.

Embrace the Sun

Ah, herlig sommarsol i Bergen i dag, og forhåpentligvis held godvéret seg ut helga! For no skal eg visst nemleg på Rock & LOL-festivalen i Os, hohoi! Blir nok skøyalt;) Ha ei finfjong helg folks! Kos doke med PNAU si herlege godlåt "Embrace" og gje doke sjølve og sola ein god bamseklem:)

Nærleiks-prosjektet

Arthur, min kjære bror, fekk seg blant anna ei ukulele med storesysta til 12års-dagen nyleg. Og no har vi satt i gang med å øve på diverse kjekke songar som egnar seg for instrumentet, deriblant Frida Amundsens søte "Closer", som herjar radiobølgjene om dagen. Dette er eit prosjekt som lovar bra, så kanskje blir det ei innspeling iløpet av veka, kven veit?=)


(Biletet er frå i fjor sommar...no har eg litt lengre hår og Arthur litt kortare, sånn det er sagt;) Nice.)

Her er eit live-opptak av songen, studioversjonen er å finne blant anna på spotifyen for dei som måtte ynskje det;) Elles er det berre å skru på radioen, særleg P3, så kjem den vel iløpet av den nærmaste timen....

Endelig kom finevéret!


Nyte sola utpå terrassen her heime på Sunnmøre for øyeblikket! Har venta ei god stund på sola no for å seie det slik...Men den som ventar på noko godt..;)



Shorts og topp fra H&M, solbriller fra Monki

Ah...herlig sommerfeeling her no!

Pretty Pink I think

Javel, så likar eg rosa, kva så? Det er jo ein überherleg farge! Kombinert med rosévin blir det sjeldan feil.


Gje meg eit stykk Lana-brownie, så er ein sanneleg i boks!



Yiha! sa kjolen frå BikBok.

Sumar i Samnanger

Før eg drog heim til kjære Sunnmøre var eg ein svipptur innom Samnanger og besøkte Karina og familien hennar der. Vi var så heldig å få finevér óg den dagen, så da vart det solings på verandaen og grilling på kvelden. Ein herleg dag!





Ah....naut ein iskald rosécider i sola...Livet er flott, doke.

hits