august 2011

It´s all in the details...




Ok, eg må innrømme at eg gjorde noken røverkjøp sist eg var heime i Ålesund. Sommersalg på Sunnmøre veit doke. Den utrulig skjønne blomster-og-bier-toppen kosta 50kr og "chinosbuksa" (m/belte) likeså. Og dei søte øyredobbane til den nette sum av 19kr. Så eg var billig i drift den dagen her. Putt på den lekre korall-neglelakken eg fekk gratis i eit blad for litt sidan og ei sjølvfletta flette så tek du sunnmøringen i meg på kornet. Fullfiguren får eg komme tilbake til, akkurat no held det med detaljnivået;)

Sjuk

Eg skal spare internettet og allmennheten for bilder som viser korleis eg ser ut i dag. For eg syns ikkje sjølv at det er så mykje å skryte av. Forma er temmeleg laber, og dagen skal nyttast til restitusjon sånn eg forhåpentlegvis blir frisk til i morga. Og sidan eg er sjukmeldt ser eg ikkje vidare grunn til å pynte meg heller, så da får eg heller bruke maske;) Den her fekk eg med Karina etter ho var innom Venezia i juni!

Garbage

 Har vore i studio i går og i dag og arbeida med ein ny funky låt som skal heite "Garbage". Og kva passar vel betre då enn å hente inspirasjon frå sjølvaste gruppa Garbage? Eg ser eg har mykje å lære av Shirley Manson, den digge vokalisten her. Dette er ein av mine favorittar frå gla-gjengen:

I anledning innlegget gravde eg fram nokre gamle bilder frå mi tid som ultra-platina-blond med grunge-rock-stil! ...Vel kan ikkje skryte på meg at det er så lenge sidan, litt over eitt år sidan eg gjekk amok med hårfarginga no.. Vel, lesson learned, men synst likevel desse bilda har litt attitude som passar særleg til sangen vi lagar no;) Stay tuned, for både den og Hit the Wall kjem doke for øyrer -og auge- i løpet av hausten! (Klikk gjerne på facebooklinken til høgre for å like artistsida mi der og følge med!)






Haha, desse nettinghanskane må eg definitivt leite fram igjen! Men platinablondt -ALDRI igjen!!

Red Bullsk

Kom nett heim frå skulen, og fann ut eg måtte sette opp ei liste med alt som måtte gjerast idag og i dagane framover. Om eg skal overleve hausten på anstendigvis ser eg det som naudsynt å få gjort ting unna hakket raskare enn eg klarte i sommarmånadane (der eg ikkje gadd gjere noke særleg fornuftig som ikkje hadde med musikk å gjere). Lista vart leeeeeeengre enn lang, over 30 punkt!!! Så her er det berre å byrje å krysse av i dei små boksane eg teikna bak punkta, sånn kan eg ikkje ha det! Men før eg set i gang måtte eg blogge pittelitt. Og ha meg ei dose Red Bull for å klare alt dette. 


Ahhh...*rap* Da va gødt! 

Satsa på energien kjem smygande. Ei effektiv økt på ein time no, så er nok ein del av punkta kryssa av tenkjer eg. Så kan eg kose meg glugg i kveld på besøk hos Åslaug (http://novosoul.blogspot.com/, ei knaskjekke jente!!), deretter blir det nok ei duettøving hos godaste Janie. Vi -aka Birds- skal nemleg synge og spele på Åheimdagen i september, så her er det berre å legge seg i selen og øve!

Litt musikk skada heller ikkje for å få opp effektiviteten, en herlig feelgood-låt sådan:

Robyn Rocks!



Då var eg trygt tilbake i Bergen-byen etter ei veke heime i sunnmørske trakter. Og kom på no at eg har gløymt å fortelje om at eg faktisk fekk med meg litt Robyn-magi når eg var heime i Ålesund i helga! Eg var riktignok ikkje innom sjølve konserten (vi var litt seine med å bestille billet og vips var der tomt gitt:P), men var sjåfør for bror min og sto utanfor og sneik til meg litt vakre tonar og nokre glimt av showet! Og det vart ein inspirert og i godt humør av=) Særleg er det denne godlåta her som får heile meg til å krible og lengte etter dansegolvet om dagen:

Gosh for ei knallkul dame, og for en heftig låt!!

David Bowie

David Bowie er berre så uendeleg kul. Stemma hans er heilt særeigen og går rett inn i ryggrada. Denne songen gjev eit godt eksempel på det, råtøff! 

Om eg hadde vore ung på 80-talet (i den forstand i tenåra, og ikkje berre fødd liksom) hadde eg glatt hatt ein god del av Bowien på walkman-en mens eg hadde råna rundtom i denne jakka:

Favorittjakka mi, med tøffasen sjølv på brystet=) Har stole den frå mamma sitt gamle klesskap!

Gjenbruk er berre best. David Bowie lenge leve!

Bloglovin´

Eg syns bloglovin´ er eit nyttig og greit "verktøy" å bruke for å følge mine favorittbloggar, og eg brukar det så og seie kvar dag. Om du som les vil følge min blogg på ein slik måte er det berre å trykke på det blinkande "Eiffeltårn-ikonet" på høgresida her, da kjem du til bloglovin og kan følge min blogg via der òg! Eller ein kan trykke på ikonet på enden av innlegget. Eg syns det er greiare å følge bloggar via bloglovin´enn på blogg.no, pga at der er det meir oversiktleg og der er gjerne bilder frå innlegga ein kan gå inn på (ikkje berre overskrifta), og ein kan følgje kva blogg ein vil, uansett domene. Det er sikkert ein del av doke som allereie nyttar denne sida, men eg seier det likevel. Hadde vore kjekt med fleire følgesvener:) Og så kan eg gjerne følge fleire sjølv såklart;)

Ha ein hjarteleg fine dag♥ Eg og mamma lagar pavlova-kake, namnam;9



Bilete teke i Roma i fjor sommar, men tykkte det passa fint til overskrifta;)

bloglovin

Ein draum av ein song

Eg syns det kan være smart å av og til svitsje over på P1, berre for å få med seg litt vakker norsk vise-song i blant òg. Her er det nemleg mykje bra å hente! Som denne flotte låta fra Valkyrien Allstars (som eg trur eg skal byrje å høyre meir av!), kalt "Drømte vi om mer". Teksten er berre så...genuin og oppriktig. Ein kjenner seg igjen i denne. 

Ballerinas















Bildedryss frå då eg og småsystrene mine Kristina og Andrea leika ballerinaer i solnedgangen på Åheim.

God trim, særlig for den gamle storesysta!;)

Ponytail with a twirl

Dagens vetle hårtips frå denne kanten:

Piff opp ein vanleg hestehale ved å for det fyrste gjere han litt "skeiv" (dvs set den litt nærmare det eine øyret enn det andre...det plar eg gjere, for da vert håret generelt meir synleg og eg ser mindre ut som ein gut), deretter tek du litt av håret og tvinnar det før du snurrar det rundt halerota og festar den i strikket! Enkelt og greitt, og litt småfancy, + at det skjuler stikken og du får eit "naturleg hårstikk".







Lars Vaular tha Man

Eg kan ikkje for det; eg blir rett og slett i godstemning og skikkelig inspirert av både musikken og videoen her...så enkelt og likevel så kult. Vurdera å lage noke liknande en dag! Hoho

Seinsommaridyll





Sola fann det best å ta ein titt ned til oss på Åheim igår kveld, og da var ikkje vi seine med å komme oss ut på verandaen og nyte den! Dette er berre nokre av dei fleirfaldige bileta som vart tekne, for eg og systene fann nemleg ut at vi skulle leike ballettdansarar, med stemor/mor Lilli som fotograf! Resultata av dette kjem seinare;)

We are family


Bilete teke av meg og småsystrene mine Andrea og Kristina igår ♥ Herlegaste!

-Kan ikkje la være å leggje ved denne godlåta her då;)

Kjolen med stor K

Satt å nerda meg litt av mangel på søvnighet i gårkveld..såg tilfeldigvis at Nelly hadde en konkurranse gående no som handla om å designe sin egen drømmekjole. Konkurransen er dessverre nyleg avslutta, så ingen håp om å vinne...men likavel, eg har alltid elska sånt og måtte prøve! Må sei eg syns det va litt kjekt:) Vart temmelig nøgd med resultatet òg! Syns ikkje doke den var bra fin kanskje?! Eg vil ha ein sånn!!

Det e fristande å sy meg ein sjølv, DET hadde vore noke å sprade rundt i på fest;) Da aller helst på ein svært fasjonabel ein, med masse blitzing, sprudlande champagne, raude løparar, kjendisar...og journalistar som spør kor eg har funne den derre fabelaktige kjolen hen, hehe. In my dreams. Eller kanskje eg skal gjere it forsøk ein dag..?
 


Fullversjonen av låta mi "Good on Me"

Haha, har doke fått med doke det litt småfrekke bonusmaterialet på slutten av musikkvideoen min??;) Om ikkje, ta en ny titt og sjekk ut her:

 

Musikkvideoen inneheld berre ein kortversjon av låta, dvs at der manglar 2. verset og påfølgande bridge og refreng. Dersom man vil høyre heile kan man bl.a. kjøpe den via dissa itunes og amazonkanalane her + i sidebaren som eg har lagt til på høgre side. Fleire låta er i skrivande stund under produksjon og vil bli lagt ut der etterkvart!

Amazon: Good On Me

iTunes: Good On Me

Følg meg på facebook!

Eg hadde òg blitt kjempeglad og smigra om du som les vil gå inn og like artistsida mi på facebook! Der kjem eg til å legge ut div. oppdateringar og andre prosjekt eg har på gang framover;D Du klikka deg enkelt og greit inn på enten facebook-sidebaren til høgre eller på den nedanfor her! Eg er straks komt opp i 100 likes, og da har eg lova å leggje ut noke artigt/spooky som eg har spelt inn i studioet!:O Haha, så stay tuned! 

Musikkvideoen min!!

Here it is, enjoy! 

And remember that EVERYTHING LOOKS GOOD ON YOU!!!

You´re beautiful

Er heilt hekta på denne godlåta om dagen, får meg til å kjenne meg glad og vakker innvendig! Håpe doke får same kjensle no;)

På mange måtar har denne låta same bodskap som låta mi, som kjem ut på nettet i løpet av dei nærmaste dagane;) Følg med på artistsida mi ved å følge lenkja nedanfor, og gjer meg ekstra glad ved å trykkje "like";)

https://www.facebook.com/pages/Kathleen/244034382286120 

Shout it out loud



Hehe, eit lite glimt frå musikkvideoen min dette! Som snart kjem alle for auge og øyre;) Må sei eg er litt nervøs, men trur det skal bli morro! Har nylig drista meg til å oppretta ei artistside på facebook (no syns folk sikkert eg er cocky men..who cares), der eg kjem til å legge ut litt forskjellig framover, blant anna musikkvideoen "Good on me" til veka. Sjølve sangen blir faktisk tilgjengelig allerede i morga! Alle er velkomne til å joine og halde seg oppdaterte, ved å like sida mi her: https://www.facebook.com/pages/Kathleen/244034382286120

-Kjempeglad for alle som vil "like" meg;)

Ynskjer deg som les ein trivelig dag, og hugs: Du er fantastisk=D

Yellow Mustard

Sennepsgul er ein av mine favorittfargar til haustsesongen. Det er berre noko ved den fargen som er ganske kult, sånn motemessig...brings me back to the 70s! I utgangspunktet hadde eg kanskje ikkje trudd at eg skulle like denne fargen såpass godt, men det gjer eg altså. Og denne gensaren frå H&M er berre så enkel og stilig. Og litt oversized. Perfekt for late haustdagar, og passar godt til resten av haustgarderoba. Deilig er den itillegg. Tjuvstarta litt på hausten i dag sidan været ikkje akkurat var av sommarleg art her i Bergen i dag...



Got to renew myself...



..."I want to get out, seize the day...!" Det er strofer eg har sunge gang på gang no i det siste. Er nemleg i studio om dagen og spelar inn ein 80-talsinspirert feelgoodlåt eg har laga i samarbeid med ein som jobbar i studio. Resultatet og meir info om dette prosjektet kjem vel for ein dag snart, så stay tuned;) 

Den nye headaren -samt profilbiletet- er faktisk henta frå promovideoen vi har laga til låta! Så det får fungere som ein smakebete sålenge, før eg tør å publisere den ein vakker dag. Ein del ting som må fiksast og arrangerast før teppefallet, for å seie det slik. Og så skal det òg seiast at eg må manne meg opp noke kraftig: Her bryt eg nemleg Janteloven på det grovaste...!

Men enn sålenge; her er nokre små glimt frå den eg kan tørre å vise fram:









Spennande, dette! Eg har det i alle tilfelle utruleg kjekt=)

hits