oktober 2011

GLOBUS

 Vart så glad når eg fann denne flotte globusen på Kremmerhuset forleden! Eg elskar globus, og syns det er så kjekt at den -i tillegg til å pynte opp- òg er svært nyttig. Likar å snurre på den frå tid til anna og drøyme meg vekk til fjerne strøk... Får tydelegvis ikkje nok av globusar, for no har eg denne på stova, og ein (med lys i som eg fekk av Karina) på soverommet, og så har eg eigentleg ein heime på Sunnmøre som eg ikkje har anledning til å ta med ned hit. Når eg ein vakker dag får meg eit hus skal eg ha ein globus i så godt som alle rom, yeah;)

Verda er så STOR! Noreg er berre ein liten brøkdel.. På ein globus kjem dette ekstra godt fram sidan framstillinga av landa i forhold til kvarandre er mykje meir realistisk.

CHEWING GUM



Då er eg endeleg i gong med litt studio-liv igjen! Var innom ein tur i dag og jobba med ymse artige saker, og i morgon blir det atter ei runde, kjekt =) Har fleire låtar på gong no, og nokre nærmar seg ferdige! Bileta ovanfor er frå sluttsekvensen på den noke humoristiske musikkvideoen eg og Jørn -som jobbar i studioet- laga i august. Humor! Check out videoen "Good on me" here:

Og hugs for all del at "everything looks good on you!" Haha.

PANIC ATTACK

Neida. Eg har ikkje panikk. Enda. Sit og jobbar litt med musikkteater-stæsj til i morga, har ikkje så god tid til det verken i kveld eller i morgon tidleg grunna planar. Blant anna skal eg i studio igjen og jobbe litt imorga, lenge sidan sist! Så for å feire dette tek eg ein glad-dans til denne herlege låta til coole Florrie, miksa av verdas beste mikse-mann: min electronica-hero Fred Falke! 

Ha ein fisefin og panikk-fri aften!!

(..inspirert av Radioresepsjonistane på P3 der)


OWL

Fann denne søte ugla på Kremmerhuset for ei tid sidan, syns ho passa fint inn i hylla på stua;)

All night long

Digga den her klassikaren av ein godlåt! Lada opp til kvelden no; først blir det jamming med min gode venn Espen, deretter drar vi til Garage for å sjå bestevenninda mi Elin Sofye spele i ein konkurranse/festival der, og etter det igjen har eg lyst å danse litt, så får sjå kor vi ende opp! Helde det sikkert gåande all night long for å seie det sånn, hehe... Ha ein kjekke laurdag doke der ute òg!=D

Haha, beste "danse-bildet" eg fann av meg sjølv for øyeblikket..Året gammalt, men det får gå;)

I heart this city

Har besøk av godeste Lana i dag, vi har nett ete middag og no sit vi godt planta i sofaen! Vi har mimra litt tilbake til varmare dagar, då ein framleis kunne gå lettare kledd;) Her er nokre kjekke minne frå to byturar vi hadde i sommar:

















Audrey´s got an idea...

Endelig fått tilbake speilrefleksen, og det måtte feirast med noken portrett av Audreyen!

 

For halvanna år sidan...

..mista vi to flotte guta i ei tragisk og brutal ulykke. Ruben og Adrian, doke vil alltid være i hjerta våre♥

Pannelugg

Uææh, ka har eg gjort?!




Tok saksa fatt og klipte lugg på egenhånd her en dag! Vart egentlig fornøgd med resultatet, og syns det e greit å kunne variere litt :)

Syns konsept som Big Brother og Paradise Hotel er noko PATETISK DRIT

Ville berre seie det. For ein gangs skuld eit litt kritisk innlegg frå denne kanten altså. I dag såg eg Big Brother for fyrste gong på fleire år. Dette var medan eg då gjorde noko så fornuftig som å leggje i saman klede i heimen og pappa låg å slumra til denne hjernedaude underhaldninga på sofaen etter endt arbeidsdag. Eg må seie at å sjå igjen dette konseptet ikkje akkurat var ei god oppleving, faktisk var det enda verre enn eg kan hugse det. Fattar ikkje kva som får folk til å ville stille opp på sånne greier, ei heller fatta eg kva som er så himla interessant med å sjå på desse PR-kåte, mindre begava folka som faktisk gjer det (Unnskyld meg, men eg tillate meg å være litt ærleg og frekk på min eigen blogg). Sånn, da fekk eg ut litt irritasjon. Ugg, av og til lurer eg på korleis det vil gå med verda. 



Døøøøøøøøøøøh. Hjernedaud.

Pappa 50 år!!


Tenk at det bildet her er heile 20 år gammalt no! Og min godaste far er blitt 50 år! Jøye meg...!

GRATULERER SÅ MYKJE MED DEN STORE DAGEN I DAG, PAPPA! ♥
Kjempeglad i deg! 



Vi hadde ei knakande kjekke feiring med over 80 venna og slektninga på laurdag, så dagen i dag blir feira i ganske rolige former i forhold;) Eg er heime på haustferie, så det passa ganske fint! Framleis sleten etter laurdagen;P

hits