november 2011

BLÅKÅPE

Sidan det forrige innlegget mitt fekk den fjonge og muntre tittelen "Blåmandag" passar det òg fint å kunne introdusere eit av haustens finaste og blåe kjøp: Ei fancy og elegant kåpe frå Oasis=) Det får holde med bilete av sjølve kåpa. Kjenner meg ikkje vidare fotogen i dag.. Men var ikkje den her fin då?



Kåpe / Oasis

BLÅMANDAG



Ein litt sleten og gråblå mandag her i Bergen i dag, iallfall her heime hos meg. Kjenner eg er gåen etter helga, med tilsaman over 33 arbeidstimar, samt ein heftig konsert med UNITY (eit multikulturelt band eg spelar i) med påfølgande danseøkt fredagskvelden! Som om ikkje det var nok; heimeeksamen starta i dag og eg er ikkje akkurat i eksamensmodus. Eg er meir i "få-orden-rundt-meg-sjølv-så-kanskje-eg-kjenner-meg-betre"-modus, difor har eg brukt dagen på å støvsuge, vaske golv, tørke støv, skifte sengetøy, vaske klede og rydde, samt pleia meg sjølv med ein lang dusj og smøre meg inn med dei nye herlege hudpleieprodukta eg fekk av Lana:) + Den deilege blåbæransiktsmaska frå LUSH, som dykk ser ovanfor! Lovely. Den gjer huda supermjuk etterpå! Man ser riktignok ut som ein smurf undervegs, men det er berre morro. 

Kjenner at når eg er sliten og motlaus inni meg så hjelper det å få orden på ytre ting, så dette er noko eg personleg kan anbefale doke som slit med enten haustdepresjon, utbrenthet, lite motivasjon eller eksamensangst. Håper berre det funkar for meg denne gongen òg!  Trur eg skal ned i boda og leite opp julepynten seinare òg, før eg skal på musikkteateret og jobbe litt. Juleshow-førebuingar om dagen, travle tider for å få alt i havn! Greit å få skape litt god julestemning, no kan eg kanskje tillate meg sjølv det? Fyrste advent er passert og straks er vi komne til desember månad..tenk det!



Mandags-smurf!

 

CRAZY SHOES



Veit ikkje heilt kva som fekk meg til å kjøpe desse (via Nelly) tidlegare i haust, men trur eg var litt galen i gjerningsaugeblikket. Og så er dei jo litt kule. Og gule.

PIP PAP PADAP DAU



Etter at eg la ut dette ↑ som profilbilde på fjesboka fikk eg tilsendt et godt musikktips av en kompis der han sa: 

"Om du har lyst å lage musikk som står i stil med profilbiletet ditt skal det ikkje mangle forslag frå meg :)" 

Så la han ved følgande inspirasjonsforslag:


Og eg tenkte "Wow, dritkult, korfor har ikkje eg høyrt om ho her før?!" Så da måtte eg selvfølgelig finne ut meir om artisten, og eg fann blant anna desse tøffe songane! Stilen hennar tek meg på ei reise både i tid og rom...Love it! No skal eg kose meg med atter ei episode MadMen, doke får kose doke med denne herlege musikken:

 

 

 

 

Hehe.. så TUSEN TAKK Jonas, det her skal eg faktisk prøve å følge opp en gang i nær framtid! Lika tanken på å stå på ei scene foran et storband, ikledd en raud fancy kjole, vrikke litt på stussen og synge "Pip Pap Padap Dau..Pippedipp Pappap Paddap Pau!" som ho foxy ladyen Caro Emerald her! =)

BAMBI

Søte Bambien eg har ståande i stua. Kjøpt på Kremmerhuset.

BURSDAG OG CUPGULL

I dag har eg hatt bursdag og no er eg herved 26 år! Festen igår var veldig artig, og dermed har forma vore litt meir sleten i dag. Men skal sei det var kjekt å få med seg at Ålesund stakk av med cupfinaleseieren! Har familiemedlemma og vennar som opplevde magien på Ullevål i dag, misunnelig der. Var sikkert fantastisk=D

Eg har som vanleg ingen ferske bilete fra verken festen min eller cupfinala (som eg da heller ikkje var på), men eg legg likevel ut nokre bilete frå august i år, da eg var på Color Line Stadion og såg ÅFK vinne over eit hollandsk lag (eg ikkje hugsa namnet på, heh) i Europaligaen! Yey...det er liksom det eg orkar å poste her i dag, det er trass alt bursdagen min og eg har meir enn nok med å svare på gratulasjonsmeldingar via sms eller fjesboka;) Hejdå! 

Stormen, ÅFKs supporterklubb! Dei er nok høg på lykkerus no=)

Sunnmørshallen og Ålesund i bakgrunnen, utsikt frå Color Line Stadion

To kjekke gutar, godt fornøgde med ÅFK-seier=) (Arthur, bror min, til venstre)

HURRA FOR MEG



I morga (på sjølvaste cupfinale-dagen) har eg bursdag folkens! Det vil sei at når klokka bikkar midnatt så er eg formelt sett 26 år!! Yeiks. Og sjølv om eg egentlig ikkje har så lyst å bli særlig eldre no så må eg likevel utnytte anledninga og feire meg sjølv og mitt fantastiske liv;D I lag med enda meir fantastiske venna og kjære♥ No gjenstår kun noken få småting i førebuinga her, så hoppar eg i dusjen og gjer meg klar til en heidundrande fest her i leiligheta! Kleskoda (ja, for ein gongs skuld har eg ei slags kleskode på festen min) er FEELGOOD og FARGERIKT, så berre det lova bra, hehe. Yey, gler meg =D

Ha ein sprudlande lørdag!

PS: Legge ved ein haug sprudlande og varierte bilete av det vordande bursdags"barnet", samt den mest sprudlande og stilige rumpevrikke-låta eg veit om no, ENJOY! (Ja, i dag/ i morgon tillet eg meg å vere sjukt sjølopptatt, hehe)













Meg, meg, meg, meg, meg, meg, meg, meg...Oh yeah.

KUNSTNARSPIRE?

 

Ein av tinga eg ga til pappa i 50års-presang var dette sjølvlaga maleriet av ein solnedgang (typisk nok) mot Stadtlandet, slik vi ser den frå Åheim. Veit pappa er glad i det motivet! Desse bileta tok eg medan speilrefleksen var til service, så kvaliteten er så som så, men ein ser i det minste sånn ca korleis resultatet vart til slutt=) Eg må sei meg ganske fornøgd eg, dette er trass alt fyrste gongen eg prøvar meg på akrylmaling, og fyrste gongen eg malar på lerret. Det gav meirsmak, så fleire prosjekt vert det nok med tida! 

 

 

Tips til doke som vil prøve doke på liknande prosjekt:

♦ Om du har butikken "Søstrene Grene" i nærleiken så har dei mykje bra av både lerret og malings-utstyr, elles fins der alltids hobbybutikkar som sel slikt. Eg er så heldig å ha Søstrene Grene borti høgget eg da. 

♦ Gå på youtube og søk "how to paint..." så fyller du ut med det du måtte ønske å lære deg innen billedkunsten. Ein del av videoane er svært lærerike. Eg benytta meg iallfall av dette og fikk mykje igjen for det!

♦ Ha mykje kvitmaling tilgjengeleg, den var min beste venn! Brukte den mykje som grunning i starten og bidro til at overgangane mellom fargane i solnedgangen vart mykje mjukare og meir naturlege.

♦ Hald motivet enkelt fyrste gongane du maler. Å byrje på megastore og vanskelege prosjekt er sjeldan ein god deal når ein ikkje er ekspert, så gjer det enkelt og motiver deg sjølv til å lære meir etterkvart. Eg plar seie at "det enkle er ofte det beste!"

♦ Bruk eit bilete eller fleire som utgangspunkt, så har du noke å sjå etter. Eg kombinerte to bilete som eg fann på facebooken til to bekjente, og laga eit eige bilete ut i frå dei.

♦ Dette er prosjekt som er geniale å gje vekk i jule-, bursdags- eller andre høgtidelege gåver, der du viser at du verkeleg har tatt deg bryet med å lage noke sjølv. Det blir satt svært stor pris på, og er veldig personleg. Finn eit enkelt motiv som du veit betyr noke for noken, og bygg idéen ut i frå det. Mal gjerne på andre materialer enn lerret òg, som f.eks. treboksar, rammer, smykkeskrin eller lignande. Sånt finn man flust av på div. hobbybutikkar, som blant anna Søstrene Grene.

♦ Sist, men ikkje minst: Ha trua på deg sjølv, og lev deg inn i rolla som kunstnar. Tenn gjerne stearinlys, ha på godmusikk og kos deg mens du malar. Ikkje vær for opphengt i detaljar, perfeksjon er ikkje målet. Kunst er levande og uperfekt akkurat som vi menneske er det. Og uansett kor bra resultatet blir så har du i det minste lært mykje undervegs, og forhåpentligvis kost deg òg;) Eg koste meg i alle fall storlegt!

MASSE LYKKE TIL!

hits