desember 2011

HAPPY CLAPPY NEW YEAR


Ønsker alle saman eit riktig godt nytt år! Må det bringe hel og lykke og mange nye muligheter=) Eg gler meg til å ta fått på 2012 kjenner eg...som eit blankt ark med fargestifter tæll! -Vel, nesten. Har mange kjekke plana iallfall, og eg vil fortsette å ta livet som det faller seg og gjere mykje av det eg lika best her i livet: halde på med utallige musikalske prosjekt, danse, leike kunstnar og artist, drive med drama, være sosial...ja, prøve å ha det så bra som mogleg! Det håper eg doke der ute også vil gjere, altså gjere ting som gjer doke og folk rundt doke glade ♥ Sjølvsagt bør ein òg være realistisk og tjene til livets opphald, men ein må ikkje gløyme å fargelegge livet sitt litt innimellom òg! Det var mitt vesle visdomsord for det nye året, måtte det bli eit bra eit.

Skål for 2012!

SYSTRENE MINE PÅ NRK SUPER STRAKS!

Følg med, følg med!! I kveld kl. 18.25 (dvs no straks!) kjem innslaget om systrene mine, Kristina og Andrea, på NRK igjen! Det viser korleis vi vanylvingar feirar nyttår, eller vel...korleis ungane feirar! Vaksenfeiringa trur eg ikkje egnar seg på barne-tv akkurat;) Opptaket er frå i forfjor nyttårsafta, altså i 2009, og systene mine var 6 år og kjempeskjønne♥ (Det er dei sjølvagt fortsatt) Her fylgjer kameraet dei når dei går nyttårsbukk rundtom i Åheimsbygda, utkledde som artige klovnar=) Gler meg til imorga, då er det "same procedure as every year", og nyttårsbukk for både store og små igjen...=D



Stolte storesyste;)

iFREAK

Tenkte eg skulle prøve å poste eit innlegg frå min nye iPhone 4S, som eg allereie er ganske glad i! No har eg både iMacBook, iPhone og neimen fekk eg ikkje iPad 2 til jul òg;) Ein liten apple-nerd etterkvart, det er nesten som ein slags religion! Sånn er det når ein blir godt vant med gode produkt.. I går sat eg i fleire timar heilt paralysert og spelte EarlyBird på iPaden, lenge sidan eg har vore noken spelentusiast men da vart eg visst hekta.. Artigt!

FURRY


Investerte i ei (falsk)pelslue for litt sida, den skal brukast når eg skal ut i stormen og vil beskytte øyrene mine! Føle meg litt russisk i den her, men det er berre stiligt. Frå Indiska den her.

Ja, og god jul forresten! Er lite innpå, har vore opptatt med å daffe heime og henge med brødre og kusine og resten av folket her heime! Og sysle med den nye iPaden og iPhonen min...Oh happy day=)

PALJETTKJOLER

På tide med eit såkalt "rosablogg-innlegg", eller eit innlegg i det heile tatt! Og da passa det godt å informere om at desse to lekkerbiskenane er på veg i posten heim til meg=) 

 

Har hatt dila på paljetta ei stund, og når eg endelig fant dissa her klarte eg rett og slett ikkje dy meg! Og ikkje berre paljetta, men FARGERIKE paljetta, DET e tingen;)

GÅSEHUD

Ville berre spre litt gåsehud i dag, med denne nydelege songen, som passande nok har tittelen "Snø"=)

hits